RISS 2012 nr. 1 kan leses her!
Linda Marie Amos: Neanderthal Iconic Art and the Question of Language
Tina Jensen Granados: Skiveøksa – eit fleirfunksjonelt reiskap?
Håkon Reiersen: Arkeologen som skreiv NS-propaganda. Ei fortrengd faghistorie?
Oversikt innleverte masteroppgåver i arkeologi ved UiB, Haust 2011/vår 2012
Neanderthal Iconic Art and
the Question of Language
Linda Marie Amos
The reported discovery of Neanderthal iconic art from the Nerja Caves near Malaga, Spain has been dated to 42,000 BP (years before present) through charcoal remains found directly adjacent to the paintings. This could have implications regarding the evolution of language in archaic hominids. The images might also represent the oldest known cave art in Europe. This article will examine the background for such claims and explore the implications of such indisputable evidence in the debate of modern human behaviour in Middle Palaeolithic Neanderthals.
Skiveøksa
– eit fleirfunksjonelt reiskap?
Tina Jensen Granados
Skiveøksa er ein reiskap som ved sitt namn er funksjonsspesifikk. Namnet er eit resultat frå tidleg forsking og tolking på denne oldsaken. I seinare tid er funksjon og bruk av skiveøkser breitt diskutert, spesielt i dansk og svensk forsking. Etter å ha undersøkt omlag 190 vestnorske skiveøkser er det mogleg å trekke fram nokre konkrete bruks- og funksjonstolkingar frå dette materialet. Namnet skiveøks er noko misvisande, og denne artikkelen skal gjere greie for kvifor.
Arkeologen som skreiv NS-propaganda.
Ei fortrengd faghistorie?
Håkon Reiersen
Det er tidlegare skrive ein del om den arkeologiske verksemda under krigen. Særskild har ein fokusert på den heltemodige historia om Oldsaksamlingen som gøymde bort oldsaker før krigens utbrot, og som slik hindra okkupasjonsmakta å få hendene i gjenstandar som Snartemosverdet. Til same historie høyrer også fengslinga av Brøgger og tvangsflyttinga av Shetelig til Oslo. Når det gjeld den andre sida, har det også blitt skrive noko om fienden sine SS-arkeologar og om Nasjonal Samling (NS) sin bruk av historiske symbol i propaganda. Artikkelen tek for seg eit vanskelegare emne som det til no er skrive lite om – det at også ein norsk arkeolog aktivt kunne støtte nasjonal-sosialistisk ideologi. Blant kullet som byrja å studere arkeologi tidleg på 1930-talet fanst det nemleg ein student som seinare kom til å bli viktig i NS si produksjon av propaganda og søk etter historisk legitimitet. Ein kan spørje seg kvifor hans historie ikkje tidligare har blitt fortald. Er det fordi det har vore ukjend for fagmiljøet, eller har dette rett og slett blitt fortrengd frå faget si historie?
Presentasjon av innleverte masteroppgåver i
arkeologi ved UiB, haust 2011 og vår 2012
Redaksjon:
Karoline Hareide Breivik (red.)
Martha Kristine Lillestøl
Anna Skaar
Ann-Kristin Dahlberg
Per Christian Burhol