Hege Bakke-Alisøy: Frå klassisk arkeologi til Middelhavsarkeologi – norsk engasjement i Tegea, Hellas
Nils Anfinset: Forskningsetiske utfordringer i arkeologien
Audun Berg Selfjord: Malte menneskebilder, huler og musikk i bronsealderen.
Camilla Bommen: Bruken av hellere i Sunnhordland i eldre jernalder
Terje Østigård: Helvetes inferno av ild – fra ingenting til fravær av Gud
Håkon Reiersen: Eit par forlagde bronsenøklar frå Kolstø
Sigrun Solbakken Tengesdal: Arkeolog og jobbsøkjer – kva slags arbeid kan me forventa oss?
Frå klassisk arkeologi til Middelhavsarkeologi
– norsk engasjement i Tegea, Hellas.
Hege Bakke-Alisøy
Arkeologi er delt opp i mange ulike felt eller retningar. Ein opererer
med ulike kategoriar av arkeologar som til dømes middelalder-
arkeolog, etnoarkeolog og klassisk arkeolog. Desse kategoriane finn
ein i ulike samanhengar; alt frå inndeling av emne innafor undervis-
ninga på universitetet og til å skildre kva spesialisering ein arkeolog
har. Ei slik oppdeling av arkeologien er stort sett nyttig, men dei kan
og vere med å setje kunstige skilje innafor faget. Det kan verke hem-
mande både innafor undervising og forsking, men og innafor for-
valtningsarkeologien. Eg har valt å sjå nærare på kategorien klassisk
arkeologi og korleis denne kategorien er definert og fungerer i prak-
sis ved universitet i Bergen. Eg ynskjer å stille spørsmål til bruken av
omgrepet og kategorien klassisk arkeologi og meiner at ein kanskje
set kunstige skilje både for studentar og forskarar. Definisjonen av
klassisk arkeologi vil eg diskutere ved å sjå på dei ulike norske arkeo-
logiske prosjekta i Tegea, Hellas.
Forskningsetiske utfordringer i arkeologien
Nils Anfinset
Fra våren 2010 vil Institutt for Arkeologi, Historie, Kultur- og Religions-
vitenskap (AHKR), ved Universitetet i Bergen (UiB) tilby et tverrfaglig
kurs i forskningsetikk for Mastergradsstudenter som skal gå hvert
semester. Man kan kanskje spørre om det er nødvendig; arkeologer
er jo bare interessert i fortiden og døde ting, og da kan jo ikke etikk
spille noen rolle. Videre, kan det være nødvendig med skolering i
etikk, og hvorfor akkurat nå?
Malte menneskebilder, huler
og musikk i bronsealderen.
Audun Berg Selfjord
Veidekunsten er en av de to bergkunsttradisjonene som eksisterte
parallelt i bronsealderen. Innen denne tradisjonen finner man de nor-
ske hulemaleriene. Disse hulene med malerier ligger langs kysten fra
Leka i Nord-Trøndelag til ytterst på Lofoten i Nordland og er de eneste
kjente i Nord-Europa. Totalt er det registrert over 1100 lokaliteter med
bergkunst i Norge, 39 lokaliteter med malte bilder, tolv av dem i huler.
I tillegg har man funnet et felt med malte bilder på Kjeøya i Troms
som ligger på en loddrett fjellvegg ved to huler.
Bruken av hellere i Sunnhordland i eldre jernalder
Camilla Bommen
Då det vart byrja med utgravingar av hellere på 1800-talet, vart det
klårt at hellermaterialet hadde eit stor informasjonspotensiale. Dei
geologiske forholda gjer at området inne i helleren er tørt og skydd
for vêr og vind. Dette gjer at bevaringsforhold for arkeologisk- og
osteologisk materiale er betre i hellerar enn ved opne buplassar.
Helvetes inferno av ild – fra
ingenting til fravær av Gud
Terje Østigård
Helvete er vanligvis sett på som et diabolsk torturkammer hvor
syndere i et inferno av et flammehav skal pines til evig tid med de
mest uutholdelige og grusomme smertene som er mulig å oppleve
og tenke seg. Denne forestillingen har stått sentralt i kristendommen
og frykten for å brenne i helvete har for mange kristne vært sterkere
enn troen på et evig liv i himmelen. Tanken på å kunne ende i en
tilværelse hvor man skal brenne til evig tid er den mest ekstreme
konstruksjonen eller ideologien mennesket har skapt. De som kon-
trollerte denne sannheten hadde all makt i sine hender og bestemte
hvem som ville komme til himmelen og hvem som ville for evig tid
havne i fortapelsens ild. Opp gjennom kristendommens historie har
prester truet med helvete som straff hvis allmuen ikke fulgte kirkens
lære og moral. Helvete har skapt uendelig frykt og utbroderingen av
de uendelige, uutholdelige og ugudelige smertene har illustrert den
verste skjebnen som kan ramme et menneske. Denne forestillingen
er likevel et historisk produkt som det fins lite belegg for i Bibelen.
Eit par forlagde bronsenøklar frå Kolstø
Håkon Reiersen
I 1897 blei det grove fram to bronsenøklar, ei hengsle og ein spyd-
spiss frå den store gravhaugen Oshaug på garden Kolstø på Karmøy.
Funnet blei send inn til Bergens Museum, men då ein førte det inn
i katalogen nokre år seinare hadde ein mista opplysningane om
funnstaden. Hundre år etter kom eg over ein avisartikkel som omtala
eit ukjend gravfunn frå Kolstø. Informasjonen i avisa passa godt til
gjenstandane B5617-19 som skulle vere komen inn til frå ein ukjend
stad mellom 1898-1900. Til alt hell fanst det i museets arkiv eit brev
frå 1897 mellom konservator og innsendar som stadfesta at desse
gjenstandane verkeleg var funnet frå Kolstø. I artikkelen viser eg
litt korleis oppsporinga av funnkonteksten gjekk føre seg og korleis
dette noko uvanlege gravfunnet kan tolkast.
Arkeolog og jobbsøkjer – kva
slags arbeid kan me forventa oss?
Sigrun Solbakken Tengesdal
Kva slags valgmoglegheiter står ein ferdigutdanna student overfor
når ho eller han har etterlatt seg 5 år med utdanning og kan briske
seg med den gjeve tittelen; arkeolog? Dei fleste veit kva arkeologi
dreiar seg om, men kva moglegheiter har ein nyutdanna arkeolog
bortsett frå graving og rapportskriving, som jo er det kjekkaste ein
arkeolog kan tenka seg?
Redaksjon:
Sigrun Solbakken Tengesdal (red.)
Guro Koksvik Lund
Emily de Bree
Karoline Hareide Breivik
Martha Kristine Lillestøl